A-pressen er eit av dei tre store norske mediekonserna (dei to andre er Schibsted og Edda Media),
og blei etablert i 27. mai 1948 under namnet Norsk Arbeidarpresse. Det noverande namnet er frå 1994.

A-pressen eige heilt eller delvis 50 lokal- og regionaviser samt tilhøyrande nettaviser og trykkeri,
lokalfjernsyn og lokalradio, deriblant ein aksjepost på 50 % i TV 2. Per 4. september 2008 har A-pressen 2.700 tilsette.

Norsk Arbeidarpresse var opphavleg eit selskap for å finansiera drifta av arbeidaravisene i Norge, i hovudsak eid av LO og Arbeidarpartiet.
I 1990 blei selskapet refinansiert av LO og omdanna til konsernselskap med LO og Arbeidarpartiet som største eigarar.


a-pressen.jpg

Kjelder:
http://no.wikipedia.org/wiki/A-pressen