Avis og det politiske liv

Aviser har lenge hatt ein stor påverknad på det politiske livet. Dette kjem i all hovudsak frå den franske revolusjonen i 1789, som førte til ei fri politisk presse. I ein periode hadde avisene i Frankrike full ytringsfridom, og sjølv om denne ikkje varte så lenge, gjorde det at det vart starta politiske presser også andre steder.

Folk innsåg då kva makt media hadde, og korleis avisene kunne skrive om viktige hendingar medan dei skjedde og korleis dei kunne påverke samfunnet. I dag er framleis dette samspelet mellom avis og politikk svært relevant, samstundes som det er eit viktig kjenneteikn ved eit demokratisk samfunn.




Kjelder:
Mediemøter 2, Aschehoug