Avisa si mediehistorie


Ei avis i dag inneheld grovt sett informasjon, nyheiter, bilete og reklame i trykt form, men slik har det ikkje alltid vert. Som med alt anna, har også avisene gått igjennom ein stor teknologisk endring dei siste århundra. Avisa i papirform har lenge vert eit betydeleg del av mediesamfunnet, samt dets utvikling, men i seinare tid har den, ved hjelp av tenestekonvergens, også utvikla seg i form av nettavis.

Byrjinga på avisa si historie (Utdjupande artikkel "avis og dens historie")
Johann Gutenberg fann opp trykkjekunsten om lag i 1450, noko som førte til mange endringar i samfunnet. Likevel gjekk det over 150 år før denne oppfinninga resulterte i det me kjenner som aviser. Nieuwe Tijdinghe i Antwerpen er den avisa som vert rekna som den aller fyrste, men i løpet av 1600-talet kom det fleire slike aviser rundt omkring i ulike byar i Europa.

Politikkens innverknad (utdjupande artikkel "Avis og det politiske liv")
Etterkvart vart avisene brukt til å ytre politiske meiningar, noko som var svært relevant under den amerikanske og den franske revolusjonen. Den sistnemnde revolusjonen førte til tre år med trykkjefridom, noko, som til tross for den korte tida, inspirerte avisene i landet til å fokusere meir på politisk aktivitet. Avisene fekk på dette tidspunktet også meir og meir makt, fordi dei hadde moglegheita til å formidle hendingar til folket, medan dei skjedde. Moglegheita for å kunne påverke politiske hendingar vart også større. I tillegg til politikken, byrja avisene også å fungere som ein kommunikasjonskanal for ytringar og reklame.

Tekniske nyvinningarelm2.jpg
Det var fyrst på 1700- og 1800-talet at dei store endringane i avisa si struktur oppsto. No vart tekstane akkompagnert med bilete og illustrasjonar, og nyheitsdekkinga vart mykje meir effektivt ved hjelp av telegrafar og telefonar, då kommunikasjon mellom ulike plassar med ein geografisk avstand vart mogleg. Jernbaner og dampskip gjorde det også mogleg å frakte avisene over lengre strekningar, noko som gjorde av avisene nådde ut til fleire enn tidlegare. Denne utviklinga gjorde at avisene kunne verta brukt som eit kommunikasjonsmiddel som utspelte fekk ei stor betyding for den teknologiske revolusjonen, kolonialismen og nasjonalstaten.

Under den teknologiske revolusjonen kom det mange nyvinningar innan trykkjeria, der i blant sylinderpresser, rullar med avispapir, setjemaskinar, dampdrivne presser (seinare elektriske). Dette førte til at produksjonen var betydeleg meir effektiv, samstundes som byttet frå tekstilpapir til tremassepapir også gjorde produksjonen billigare enn kva den tidlegare hadde vert.

Avis og politikk (utdjupande artikkel "Avis og det politiske liv")
I slutten av 1800-talet vart moderne politiske parti danna, noko som hadde ein stor verknad på innhaldet i avisene. Det vart også danna partiaviser, som støtta ulike parti anten direkte eller indirekte. Partiavisene eksisterte langt ut på 1900-talet, og her i Noreg så haldt dei faktisk fram heilt til 1960-talet.

Reklame i avisene (utdjupande artikkel "Avis som reklamekanal")
Talet på aviser auka gradvis, men på byrjinga av 1900-talet gjekk det plutseleg ned att. Grunnen til dette var fordi det begynte å verta dyrt å etablere aviser. Utviklinga gjorde det naudsynt for avisene å investere i ny teknologi, noko som gjorde at dei vart avhengige av reklame for å klare å finansiere utgiftene. Reklame hadde då vert tilstedeverande i avisene heilt sidan 1700-talet, men den store endringa som skjedde på denne tida, var at dei begynte å sjå på lesarane som konsumentgrupper, som ein reaksjon på konsumentkulturen som hadde oppstått i slutten av 1800-talet.

Massemedia (utdjupande artikkel ”Massesamfunnets framvekst”)
I løpet av 1900-talet vart også andre media gjeldane. Film og radio vart massemedium, noko som gjorde at informasjon og underhaldning vart ein viktigare del av media generelt. Kunnskapen om korleis ein kan påverka tankar, haldningar og handingar til folk vart sterkare, noko som gjorde at det vart retta meir fokus på reklame og politisk propaganda.
I byrjinga var avisene positive til radioen som eit nytt medium, men denne haldninga endra seg fort då radioen vaks seg sterkare og vart ein konkurrent på nyheitsformidling. Avisene prøvde derfor å hindre at radioen fekk tilgang til nyheiter, men dette var forgjeves. Gradvis begynte dei to media å tilpasse seg til kvarandre, og avisene fekk også nyheiter om radioprogram og –kjendisar.

Filmen vart også fort ein konkurrent til avisene, då dei fekk eit større publikum enn både radio og aviser mange stader. Grunnen til dette var at filmen fungerte som ein lett underhaldning, spesielt for arbeidarklassen. Den kunne også visa fram ulike folk og steder frå andre stadar i verda,noko som hadde ein viktig påverknad på globaliseringa.

Nye konkurrentar
I tida etter andre verdskrig kom det også ein ny konkurrent, nemleg fjernsynet. Sjølv om fjernsynet ikkje var ein ny oppfinning, var det i denne tida at det vart vanleg blant folk flest. Dette var eit medium som ved hjelp av satellittar kunne dekkja politiske, historiske og eller sørgjelege hendingar medan dei skjedde, samstundes som dei også sendte daglege seriar, sport og nyheiter. Noko som vart sett på som ein stor fordel i forhold til avisa, filmen og radioen sin kapasitet.

Men dette var ikkje den einaste nye media som dukka opp på 1900-talet. Den aller fyrste datamaskina kom i 1946, og det tok ikkje mange år før det også kom datamaskiner for heimebruk. Desse maskinene gjekk under namnet PC (personal computer). Dette skapte grunnlaget for eit media som skulle vise seg å påverke mediesamfunnet og dei andre media. Dette var internett. Utviklinga av World Wide Webgjorde at tekst og informasjon kunne spreiast gjennom internett, slik som teksten før hadde vorte spreidd gjennom aviser. Internett fungerer som ein blanding av både aviser, radio, tv og litt meir. Noko som gjorde at forholdet til mottakarane forandra seg, og at dei ulike media måtte verta ein del av internett for å halde seg på bølgjelengde med utviklinga i samfunnet.

Nettavisa VG.preview.jpg
Ein av dei viktigaste endringane i avisa som har vorte forårsaka av internett, er nettavisa. Dette er ei teneste på nett som tilbyr både bilete, tekst, levande bilete og lyd. Det vil seia at eit media som fyrst tilbydde tekst og bilete i papirformat, no har utvikla seg slik at den tilbyr tenester som tidlegare bare vart brukt av radio og tv. Denne typen sambinding av ulike media vert kalla for tenestekonvergens, og er ei svært viktig og relevant utvikling i dagens samfunn.
Nettavisene har også den eigenskapen at den kan verta oppdatert heile tida, noko som gjer at hendingar vert publiserte bare minuttar etter at dei har skjedd.

Avisa si framtid
Korleis det kjem til å gå med avisene i framtida og korleis utviklinga i teknologien kjem til å påverke samfunnet er uvisst. I dag kan ein tydeleg sjå endringane som allereie har vorte gjort, og kva konsekvensar dette har fått. Ein kan sjå at papiravisene mistar både lesarar og annonsørar, samstundes som dei går ned i opplag, men at nettaviser vert meir og meir populære. Vil dette sei at slutten for papiraviser nærmar seg? Eller kjem det til å komme ei ny teknologisk vinning eller endring i samfunnet som forandrar denne utviklinga? Tida vil vise.



Kjelder:
Mediemøter 2, Aschehoug.
http://freepages.genealogy.rootsweb.ancestry.com/~adrianp/mudon/elm2.jpg
http://fag.utdanning.no/files/images/VG.preview.jpg
http://www.youtube.com/watch?v=PTU0ZYYg8bA&feature=related