Johan Gutenbergs trykkpresse vart utvikla omkring 1450 vart dette starten på mediehistoria. Handskrivne bøker fans det allereie, men med trykkpressa kunne ein trykkje mange identiske eksemplar av same bok. Teknikken var veldig enkel. Den gjekk ut på å montere ulike teikn og bokstavar på ei plate, for så å påføre blekk og presse det mot eit papirark. Etter at ein hadde produsert så mange sider ein ynskte, kunne plata demonterast og brukast på nytt igjen. Ettersom tida gjekk, vart teknikken gradvis forbetra og utvikla.
I byrjinga var ein del folk skeptiske til boktrykkjarkunsten då det berre var eit mindretal som kunne lesa og skriva. Men tross i at det var slik, fekk trykkjarrevolusjonen enorm verknad på lenger sikt. Boktrykkjarkunsten opna for at alle og einkvar no kunne få tilgang til kunnskap som tidlegare hadde vore avgrensa til lukka miljø.


Boktrykkarkunsten.jpg

Kjelder:

Mediemøte 2, Aschehoug
http://www.caplex.no/Web/ArticleView.aspx?id=9302811