Globalisering.

Teknologisk globalisering viser til utviklinga av infrastruktur innanfor telekommunikasjon, med Internett, satellittar, undersjøiske fiberoptiske kablar og mobiltelefonnettverk. Det er denne teknologien som legg grunnlaget for dei globaliserte media.

Økonomisk globalisering står for prosessar som at internasjonal handel aukar raskare enn den økonomiske veksten, og gir seg utslag i utviklinga av globale finanssystem, auke i kapitalrørsler og investeringar på tvers av landegrensene. Multinasjonale selskap og økonomiske organisasjonar som Verdsbanken, Verdshandelsorganisasjonen og Det internasjonale pengefondet får meir og meir å seie. Dei store multinasjonale selskapa eig ein stadig større del av mediebedriftene i verda, noko som går ut over lokale interesser.

Sosial globalisering handlar om etableringa av sosiale relasjonar mellom individ og grupper på eit anna nivå enn det lokale og det nasjonale.

Politisk globalisering viser seg i korleis overnasjonale organisasjonar som FN og EU får større plass i den internasjonale politikken. Desse legg i sterkare grad premissane for næringslivet både globalt og lokalt. Dei stiller også krav om at kvart land må opne marknadane sine for den internasjonale kapitalen. Dette gjer at også mediebedrifter kan omsetjast på den internasjonale kapitalmarknaden.

Kulturell globalisering vil seie ulike prosessar som skaper fleirkulturelle samfunn. Det skjer særleg fordi folk flytter meir enn før, men også gjennom aukande reiseverksemd og turisme. Media speler ei viktig rolle i kulturpåverknaden. Den internasjonale populærkulturen med Disney, OL, YouTube og internasjonale programformat som Idol skaper felleskulturelle referansar. Gjennom denne prosessen blir store delar av verda vestleggjorde fordi det i stor grad er vestlege land som produserer innhaldet i populærkulturen. Mange sr på denne utviklinga som ei form for kulturimperialisme som kan øydeleggje lokale uttrykksformer. Vekstren i internasjonale mediekonsern med eigarskap i både trykte medium, tv, radio og musikkindustrien gir selskapa ei stadig større makt til å kunne påverke kulturutviklinga globalt.

Kjelde: Mediemøter 2