Internett er eit verdsomspennande datanettverk som først og fremst vart utvikla som eit kommunikasjonsmiddel i det amerikanske militæret på 60-talet. Tanken var at det nye systemet skulle kunne motstå verknadane av eit atomangrep. I 1964 kom gjennombrotet – forskaren Paul Baran klarte å utvikla ein banebrytande metode for å overføra data over det eksisterande telenettet. I 1969 vart internett sin forgjengar, ARPANet, etablert. Nettet hadde ingen sentral myndigheit som ville vera eit naturleg mål for motstandarane sine atombomber.

Internett.jpg

Nettverket utvikla seg raskt til å bli noko meir enn berre eit kommunikasjonssystem for det amerikanske militæret. Det begynte å likna eit elektronisk postkontor og nye brukargrupper som universitet og forskingsinstitutt fekk adgang til nettverket.
I løpet av 1970-åra hadde nettet ei enorm utvikling, og ARPANet kom meir og meir i bakgrunnen. I 1980-åra vart nye nett etter modell av ARPANet utvikla og i 1989 vart desse samla til ”internett”.
Fram til i dag har internett utvikla seg enormt – og er framleis under utvikling. I dag kan alle med datamaskin og tilkopling nytta seg av internett. Internett har utvikla seg til å bli basisen for ei rekkje kommunikasjonstenester, og har fleire hundre millionar brukarar. Per i dag er World Wide Web, e-post, chat, filoverføring, IP-telefoni og videosamtale dei viktigaste kommunikasjonstenestene på internett.

The Amazing Internet



Kjelder:


http://no.wikipedia.org/wiki/Internett
http://www.merete.com/cool/historie2.htm