Lumiére-brørne

Brørne Louis Jean (5. oktober 1864 - 6. juni 1948) og Auguste Marie Luois Nicolas (19. oktober 1862 - 10. april 1954) Lumiére var oppfinnarar og forskarar frå Besancon i Frankrike. Dei er kjende for verdas fyrste filmframvisar, kinematografen, som vart demonstrert i 1895. Dei fekk patent på denne den 13. februar 1895 og det aller fyrste opptaket men den vart teken den 19. mars 1895. Dei var også kjende for sine eksperimenter innan fargefotografi og deira utvikling av autokrommetoden.

1895 vert rekna som det året då kinofilmen vart fødd, fordi det var då Lumiére brørne viste projiserte bilete for fyrste gong. Dette til tross for at det fanst levande bilete frå før av. Den fyrste framvisninga av levande bilete var den 22. mars 1895, medan den fyrste framvisninga dei tok betalt for var på 28 desember det same året, på Salon Indien Du Grand Café.

Dei hadde ein svært god marknads- og forretningssans, noko som gjorde at filmane deira raskt vart vist i New York og andre storbyar i Europa. Filmane deira var veldig enkle og korte, og varte bare i nokre minuttar.

Dei er også kjende for filmen av eit tog som køyrer inn på stasjonen. Det vert sagt at publikummet forlot plassane sine i redsle medan dei såg denne filmen, grunna verkelegheitskjensla.






Kjelder:

Mediemøter 2, Aschehoug
http://no.wikipedia.org/wiki/Br%C3%B8drene_Lumi%C3%A8re
http://en.wikipedia.org/wiki/Lumiere