Den sovjettotalitære presseteorien er ein av dei fire presseteoriane som vart formulerte på 1950-talet. Desse teoriane handla om kva rolle media hadde i samfunnet. Den sovjettotalitære teorien vart utvikla under den kalde krigen og har mykje til felles med den autoritære teorien. I følgje den sovjettotalitære presseteorien er altså oppgåva til pressa å støtte makthavarane og staten, og styresmaktene skal sensurera og bruka pressa som sin reiskap. Men i motsetning til den autoritære teorien, er hovudgrunnen til kontroll og styring å halda ved lag det sosialistiske systemet.