old_radio.JPG
Den første radioen


Elektromagnetiske bølgjer
Den skotske matematikaren James Clerk Maxwell som tok det første steget mot den moderne radioen. Han klarte å rekna ut farten til elektronmagnetiske bølgjer og kunne i 1873 påvisa korleis dei forplantar seg gjennom lufta. Den tyske fysikaren Heinrich Rudolf Hertz var den første som bekrefta Maxwell sine teoriar. Mellom 1886 og 1888 utførte han ei rekkje eksperiment som beviste at all radiostråling har alle eigenskapane til bølgjer.


Maxwell.jpgHeinrichHertz01.jpg
James Clerk Maxwell Heinrich Rudolf Hertz



Oppfinnarane
På slutten av 1800-talet var det ei rekkje oppfinnarar og fysikarar som eksperimenterte med radiosignal, og det er derfor usemje om kven som var den eigentlege oppfinnaren av radioen. Den austerriske oppfinnaren Nikola Tesla heldt den første offentlege demonstrasjonen av radiokommunikasjon i 1893. Italienske Guglielmo Marconi var også tidleg ute, men hans første vellukka eksperiment fann stad først to år etter Tesla. Retten i USA avgjorde derfor at Tesla skal reknast som oppfinnaren av radioen.


nikola_tesla.jpgmarconi.jpg

Nikola Tesla Guglielmo Marconi
Guglielmo Marconi


Det nye massemediet


Trådlaust telegrafi
Den nye oppfinninga vart i første omgang sett på som ei trådlaus oppgradering av den eksisterande telegrafen og telefonen. Den viste seg også å vera ein nyttig reiskap til sjøs. Då Titanic forliste i 1912 vart 700 menneske redda på grunn av den nye teknologien.

Gjennomslaget
Julaftan 1906 vart den første radiosendinga i historia kringkasta av Reginald Fessenden. Programmet inneheldt diktlesing, musikkstykke og eit kort føredrag. Under første verdskrigen vart radioen kun nytta til krigsformål, men då krigen var over i 1919 slo radioen gjennom for fullt. Den første kringkastingsstasjonen var opna i USA i 1920; same året kom radioen kom til Noreg. I byrjinga måtte ein ha øyretelefonar for å høyra radio, men etter kvart som teknologien betra seg vart radioane baserte på radiorøyr og hadde høgtalarar. Det nye mediet utvikla seg dermed til å bli ein sosial aktivitet.


Radioen sin påverknad på andre medium

Telegrafen
Før radioen kom til verda var telegrafien eit av dei viktigaste kommunikasjonsmedia. Ettersom radioen var ei vidareutvikling av telegrafen, vart denne teknologien naturlegvis sjeldnare og sjeldnare brukt. I dag er det så godt som ingen som nyttar telegrafi.

Avisene
I motsetnad til andre medium, var ikkje radioen i like stor grad avgrensa geografisk. Radioen sin bodskap nådde ut til alle i same augeblinken han vart send – og på denne måten kunne ein ved hjelp av radioen vende seg til heile nasjonen. Dette førte til at publikum opplevde seg som ein del av eit fellesskap, og ei ny form for felles nasjonal bevisstheit vart til både i Noreg og i mange andre land.
Trass i at radioen sin popularitet, hadde den ikkje nemneverdig innverknad på avisene. Sjølv om radioen slo svært godt an og ”folk flest” hadde radio i mellomkrigstida, heldt dei fram med å kjøpa aviser.


Video killed the radio star?

Fjernsynet kjem
I etterkrigstida nådde radioen sitt høgdepunkt. Talet på radiolisensar hadde ein auke på 213 000, og i 1960 passerte talet på kringkastingslisensar ein million. Dei norske sendingane nådde så godt som heile Noregs befolkning.
Dette endra seg betrakteleg då fjernsynet for fullt meldte sin ankomst på 1950-talet. Mens ein på radio måtte nøya seg med å høyra på nyheitssendingar, såpeseriar og liknande, kunne fjernsynet tilby levande bilete som viste det som gjekk føre seg. Men trass i den nye ”trusselen” var ikkje dette slutten for radioen. Tvert i mot vart radiosatsinga høgare enn nokon sinne. Musikken vart plutseleg mykje viktigare i radioen, og frå 1965 til 1977 auka budsjettet til radioen frå 14 millionar til 57 millionar.

Sekundærmediet
Trass i den positive utviklinga kunne ikkje radioen vinna over fjernsynet. Trass i at radioen tidlegare hadde vore familien sin samlingsplass i stova og barna sitt høgdepunkt om kveldane, måtte den vika plassen i stova for det nye mediet. I dei aller fleste heimar vart radioen flytta til kjøkkenet og vart eit sekundærmedium. Det vil sei at folk i staden for å høyra ”aktivt” på radio heller gjorde det mens dei heldt på med andre ting.


Radio i dag

Trass i den internett og fjernsynet si utrulege utvikling er radioen framleis eit populært medium. I Noreg eksisterer det framleis 116 riksdekkande og 240 lokale radiokanalar. Radioen har beheldt sin plass som eit sekundært medium; i dag er radio noko folk flest høyrer på mens dei til dømes køyrer bil eller arbeider.


Radio i framtida

Så å seie alle som diskuterer radioen si framtid er einige om at den må digitaliserast. Det vil sei at radioen blir ”lettare” å få tak i og signala vert betre. Sjølv er eg einig at digitalisering er naudsynt, men trur ikkje konkurransen frå internett og fjernsyn vil verta hardare. Sidan radioen har fungert så godt som sekundærmedium til no, trur eg gjerne det vil halda fram på denne måten. Svært mange av Noregs befolkning likar å høyra på radio mens dei driv med andre ting, fordi radio kun krev merksemd frå høyrsla. Derfor trur eg heller ikkje at verken fjernsynet eller fjernsynet er alvorlege truslar for radioen i framtida, ettersom desse er medium som i motsetnad til radioen krev full merksemd.



Kjelder:
Mediemøte 2
http://no.wikipedia.org/wiki/Radio
http://no.wikipedia.org/wiki/Radiohistorie
http://www.engberg.com/historiegold.htm
http://medienorge.uib.no/?cat=statistikk&medium=radio&queryID=313