Trykkefridom vil sei at alle har rett til å offentleggjera tankane sine i form av skrift utan verken førehandskontroll eller sensur. Med den franske revolusjonen vart det tre år med ytringsfridom. Perioden med trykkefridom var då kortvarig, men inspirerte revolusjonsavisene til å skapa større politisk aktivitet i avisene.
Trykkefridomen oppstod på 1700-talet, og var med på å leggja grunnlaget for prosessen mellom politikk og medium som framleis er eit viktig kjenneteikn ved demokratiske samfunn. Avisene på 1700-talet kunne skriva om politiske hendingar mens dei gjekk føre seg og dei kunne påverke politiske hendingar mens dei utfalda seg. Dette la grunnlaget for den pressa me i dag kjenner som ”den fjerde statsmakta”.

Store norske leksikon - Trykkefridom

Trykkefridom.jpg