Datamaskina
datamaskin_nusse.jpg
Eniac og Collosus
Dei fyrste datamaskinene som vart laga var enorme. Forsvaret i USA utvikla maskina ENIAC (Electronic Numerical Integrator And Computer) i 1943-1946, og den var på ein størrelse av heile 167 kvadratmeter. Denne maskina er rekna som den aller fyrste, men i følge nokon er det mogleg at det eigentleg var den engelske Collosus, som vart laga i 1943. Collosus vart laga av Alan Turing med den hensikt å knekke koden til "GeheimfernSchreiber", som var ein hemmeleg telegraf som vart brukt av tyskarane under andre verdskrig.

ENIAC var i bruk heilt fram til 1955, og i denne perioden vart stormaskiner også produsert til ein kommersiell marknad. Datamaskina tok også i all hovudsak over for holkorta, som tidligare fungerte som lagringsmedium.

Minimaskina
I 1960 åra kom det som vert kalla minimaskina (minicomputer). Til tross for at me i dag ville sagt at denne maskina var stor, var den betydeleg mindre enn stormaskinene, og liten nok til at bedrifter og institusjonar kunne ta den i bruk.

Mikrodatamaskina
I slutten av 1970-åra vart halvleiarteknologien, integrerte krinskort og mikroprosessoren teken i bruk, noko som danna eit nytt omgrep, nemleg mikrodatamaskina. Namnet kjem frå at desse maskinene tok i bruk mikroprosessoren, i tillegg til at dei no tok endå mindre plass enn minimaskina. Dette gjorde at bruken av datamaskiner til heimebruk auka kraftig.

Personal Computer (sjå utdjupande artikkel "PC")
Omgrepet mikrodatamaskina forsvann i løpet av 1980-talet, då ein ny type datamaskin kom til markedet. Dette var PCen (Personal Computer), som er eit datamaskin som i all hovudsak er retta mot personleg bruk. I byrjinga var det bare maskiner som kjørte operativsystemet MS-DOS som gjekk under omgrepet PC, men i dag gjelder det alle personlege maskiner.
Dei personlege dataene vart raskt dei mest solgte datamaskinene på marknaden, og det store skiljet mellom servere, stormaskiner og personlege dataer minka betydeleg i løpet av 1990-talet.


Datamaskina har hatt ein enorm verknad på media, og har gjort produksjonen innan dei ulike media enklare, då blant anna ved hjelp av skriveprogram, rekneark, databasar , redigerings-og presentasjonprogram.



Kjelder:
http://no.wikipedia.org/wiki/ENIAChttp://sv.wikipedia.org/wiki/Minidatorhttp://no.wikipedia.org/wiki/Personlig_datamaskinhttp://en.wikipedia.org/wiki/Microcomputer
http://www.nrk.no/programmer/tv/newton/1.3134482
http://no.wikipedia.org/wiki/Datamaskin
http://no.wikipedia.org/wiki/Personlig_datamaskin
http://en.wikipedia.org/wiki/Microcomputer